Den tradisjonelle og årlege julekonserten i Uskedal kyrkje samla nær på ei fullsett kyrkje. Arrangør var Uskedal sokneråd i samarbeid med kantor Eva Megyesi. Mange merka seg den gripande framføringa Leif Inge Heimvik hadde av juleevangeliet. Med klar røyst framfører han teksten som ein monolog utan manus. I tillegg var han solist med fleire julesongar. Gjest var Dinu Serfesi frå Malmø. Saman med Eva Megysei framførte han på bratsj tre vakre musikkstykke. Serfesa er musikar på heiltid. Han spelar mellom anna i Malmø Radioorkester.

Leif Inge Heimvik deklamerte juleevangeliet og var solist på fleire innslag.
Bratsjist Dinu Serfesi frå Malmø var gjesteartist.

Som vanleg opna Uskedal skulemusikk konserten under sikker og trygg leiing av Tor Skeie Olsen. Korinnslaget stod kvartetten ÆRE for. Rustne Menn framførte fire songar med tema jul. Musikklaget avslutta konserten med mellom anna Sonjas song med melodi av Egil Monn-Iversen. Bjørn Eidsvik sin tekst og melodi I en natt vart frmført med Leif Inge Heimvik som solist.

Uskedal Musikklag framførte fem nummer i tilegg til avslutninga med Deilig er jorden.

Det går slag i slag med julekonsertar. Alt på torsdag i denne veka er Kvartetten ÆRE, Rustne Menn og Haldor Tveit klar for konsert i Husnes kyrkje. Singing Tweens skal saman med Rosendal Tweens vera med og skapa julestemning på Husnestunet og Rosendaltunet. Kvartetten ÆRE skal i tillegg vera med på juleandakten på Rosendalstunet juleafta kl. 11.00.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Liv S.Eik/Thor Inge Døssland