Vidar Koløy, kaptein på MS NORJARL, sender julehelsing. Det vert julemiddag ved Stad på seglas med tømmerlast til Wismar i Tyskland. Dei har lasta tømmer i Ørsta og Skodje – held fram med lasting i Eikefjorden og i Kvamen i Dalsfjorden før turen går på sør langs kysten. Biletet er frå Lepsøyrevet.

Gunnar Haugland sender julehelsing frå Rubbestadneset.

Gunnar Haugland på Rubbestadneset helsar alle i Uskedalen GOD JUL. Han har gode juleminne frå oppveksten og skuletida på Haugland. Dei var 8 til bords på julekvelden. To eldre systre var flytta ut og hadde eigne familiar. Maten var lutafisk, potetkake med godt smør på og risengrynssuppe. Julefesten i Vonheim var ei stor oppleving. Sjølv fekk han alltid vera med lærar Haugland og pynta juletreet. Det var læraren som var primus motor og stod for alt.

Tove og Egil Høgemark ser fram til gode feriedagar i Uskedalen i 2022.

Tove og Egil Høgemark, som er faste feriegjester i Uskedalen ynskjer alle kjende, som bur og ikkje minst dei som ferierer i Uskedalen, ei God Jul. Tove skriv: Må og få takka for at så mange bryr seg og hjelper til så me kan gleda oss til og vakna opp til denne utsikta også neste år Me ser fram til mange gode dager i vårt kjære litle krypinn. Helsing Tove og Egil i Øyro

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Vidar Koløy/ Kristian Bringedal/ Tove Høgemark