Julegrantenninga blir innandørs.
På grunn at veret blir Julegrantenninga flytta innandørs. Musikklaget vil spela inne i Helgeheim, og der kjem kanskje Børsdalsnissen og viss han finn vegen. Musikken startar om lag kl.16.45 slik at det blir nokre julesongar før tenninga av Julegrana som er kl.17. Etter tenninga spelar nisseorkesteret eit par songar til. Det blir servert graut i Helgheimskjellaren som planlagt, og ungdomslaget har auka grautmengda frå i fjor då dei gjekk tomt. I Gamleskulen blir det kafè der russen byr på kaker, kaffi og andre godsaker.
Historielaget vil vera på plass i gangen i Helgheim frå ca. kl.16.45. Dei sel bøkene sine og har m.a. eit kjempetilbod der dei sel alle 3 bøkene i serien “Den nære fortida” for 600 kroner.
Etter god graut og velsmakande kaker anbefaler vi å ta turen til kyrkja kl.18. Der vil ein kunne oppleva fin og stemningskapande song av Singing Tweens. I tillegg blir det open mikrofon, og vi kjenner til at fleire born har meldt seg på for å synga for publikum. Her er det framleis mogeleg å melda seg på ved å kontakta Nelly Kjærland.
Vel møtt til koseleg førjulsstemning!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland.