Nøyaktig kl. 17.00 sette Lars Myklebust på straumen. Dermed skin Noregs vakraste juletre med heile 78 pærer. Det fekk våga seg at ikkje Børsdalsnissen var der. Det var heller ikkje kafe og sal slik det var tenkt i Helgheim. Auka smittefåre sette ein stoppar for ei fullstendig markering. Det var likevel eit godt frammøte av unge og eldre førjulsnissar. Musikklaget med sine 9 medlemer framførte mellom anna julemelodiar frå hefte Koralar for korps,- Nå tennes tusen julelys, O, little Town of Betlehem, Away in a Manger og Det kimer nå til julefest. Jakob Sande sin julesong Det lyser i stille grender med tone av Lars Sørås høyrer alltid med til julegrantenninga. Det same gjer Julekveldsvise av Alf Prøysen.


Det er Uskedal Musikklag som i alle år har hatt ansvaret for montering av lys, tenning, musikkinnslag og tilsyn i heile jule- og nyttårshelga. Tre menn, Lars Myklebust, Knut Steinsletten og Ståle Eik, klargjer alle lysa og står for
montering. Den eldste av dei, Ståle Eik, 77 år går i toppen. Det same gjer Knut Steinsletten. Nytt i år er at medlemer i Dugnadsgruppa har fjelga grantreet og rydda rundt.

I 1963 vart det brukt 30 ljospærer. I dag er taket ledpærer heile 78. Då er ljoset i toppen medrekna. Det er tilsaman 7 lekkjer med 11 pærer i kvar.
Julegrana hadde i 2012 ei høgde på 22,15 meter. For ti år sidan var høgda 21,54 meter, ein auke på 61 cm. på ti år. Det har vore liten vokster dei siste 8 åra. Dessutan er toppen knekt.


Dei fyrste åra var julegrantenninga på skitnesundag, ofte med etterfylgjande julekonsert i kyrkja. Dei siste åra har
tenninga vore fredag før fyrste sundag i advent.

Plakatbua er vakkert pynta. Det same er det vesle juletreet på plenen ved Gamleskulen.


Egil Myhre og Asle Moberg frå Uskedal Utvikling har i år, som i fjor, montert ljos på den litla grano på plenen, i plakatskuret og på eine kortveggen på Gamleskulen. Alt er med og skaper julestemning i ei myrk årstid. I tillegg har dei montert banner på lysstolpane i sentrum med teksten: GOD JUL.

Liv og Jan Henrik Hansen har pynta med ljos på kontor- og servicebygget i Båthamna.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal