Tradisjonen tru vert det skipa til juletrefest i Vonheim i morgon, onsdag 28. desember kl. 17.00. Det er den såkalla 4. dagsfesten. Alt dagen etter har Indremisjonen sin julefest i Bedehuset. På det meste var det fem juletrefestar i Uskedalen. Arrangørane hadde sine faste dagar i jula: Uskedal Fråhaldslag hadde sin fest i Bedehuset 2. juledag. Skulane, både nede i bygda og på Haugland hadde 3. juledag. Så kom Haugland og Musland Grendalag med julefest i Vonheim 4. dag, Uskedal ungdomslag 5. dag og til slutt Indremisjonen med sin julefest nyårsdag. Dei siste 15 åra har det vore to julefestar i tillegg til Uskedal skule med juleavslutning før juleferien. Les meir om programmet i Vonheim:

  • Uskedal Musikklag spelar
  • Opplesing av juleevangeliet
  • Tale
  • Matøkt – ta med kaffi og kaffimat
  • Gratis brus til borna
  • Leikar
  • Kanskje kjem Nissen med posar
  • Gong kring juletreet
  • Innsamling for å dekka utgiftene

Velkomne

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Faksimile frå plakaten