
Julefestar i romjula.
Ungdomslaget har sin julefest i Helgheim i kveld, fredag 27. desember. Det er førehandspåmelding til festen. I morgon, laurdag 28. desember, kl. 16.00 går den tradisjonelle julefesten i Vonheim av stabelen. ( Sjå program under ). For den som vil letta på dansefoten, er dansen i Helgheim med TRINITY på nyttårsafta eit godt alternativ. Her er det avgrensa plassar. Difor ynskjer arrangøren v/ Ragna Volden påmelding. Så langt vi kan sjå, er det ikkje lagt ut noko om julefest i Bedehuset i år.

Program for julefesten i Vonheim:
- Musikklaget spelar
- Juleevangeliet
- Leikar
- Nissen kjem
- Gong kring juletreet
- Matøkt ( alle tek med eigen mat og drikke )

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto/ Anita Enæs