Julebukkane sviktar ikkje i det dårlege veret med regn og sterk vind. I Korsnes er grupper av utkledde born på veg rundt i byggefeltet. På Neset og Nausthaugen har det alt vore julebukkar på døra. Det same fortel Møyfrid Kristoffersen frå Musland. I Beinavikjo kom to julebukkar frå Lislerud, ikkje så godt utkledde, men meg vakker song, faktisk Jingle Bell framført som duett. Det var meir enn forventa. Ikkje vart dei køyrde heller. Det nauda ikkje. Turen nedom Beinavikjo var berre som ein snarveg å rekna på vegen frå Korsnes til sentrum i Uskedalen.
Det var mange tøffe og tapre julebukkar ute i det utrivlege veret, men det er ikkje tvil om at veret gjorde sitt til at det var færre som deltok i denne kjekke tradisjonen i år. Ein meldar i Korsnes melder om 23 julebukkar, og det er knapt halvparten av talet eit normalår.

Kjekt julebukkbesøk i Korsnes.
Blide, flinke og høflege julebukkar i Korsnes.
Desse to kjekke julebukkane stakk og innom og song fint i Korsnes.
Julebukkane på Musland gjekk frå dør til dør.
To kjekke karar til som stakk innom i døra på veg heim.
Tekst: Kristian Bringedal
Foto. Kristian Bringedal, Thor Inge Døssland og Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland