I dag i 06 tida kom “julebåten” MS NORBRIS med kaptein Vidar Koløy til Uskedalen og la til på Børneset for lasting av 800 kubikk tømmer. Julebåten er eit kjent omgrep frå den tida då eit av Amerikalinja sine passasjerskip kom til Bergen, Stavanger og Oslo dagane før jul. Skipa var alltid pynta med lys og juletre i toppen. Mykje folk møtte fram for å ta imot slekt og kjende. Om lag slik var det på Børneskaien i dag då Renate Koløy var klar til å ta mot trossa. Seinare på dagen fekk familien koma ombord på skipsbesøk.

Ikkje så mykje, men litt julespynt er det ombord i MS NORBRIS.

MS NORBRIS av Haugesund brukte juleafta på si reise langs kysten frå Lindesnes, over Jæren, nord Karmsundet, over Sletta og inn Hardangerfjorden mot Uskedalen. Veret var ikkje det beste, surt og sterk vind, men kaptein Koløy har lang fartstid og erfaring. Han manøvrerte det 109 meter lange skipet stødig til kai. Så gjekk turen heim til Korsneset på julefrukost saman med familien.

Alltid like spennande å få koma ned i maskinrommet.

Ut på formiddagen fekk familien omvisning ombord, før skuta sette kursen i retning Sogn, med neste lasteplass som er Kvamen. Vidare reiserute etter Kvamen er Ørsta, Sandane, Eikefjorden og Eikelandsosen før turen går til Wismar i Tyskland.

Kaptein Vidar Koløy syner den oppveksande slekta styrehuset på MS NORBRIS.

På Marine Traffic finn vi MS NORBRIS nett no i 20 tida på nord mot Sognesjøen. Vidar Koløy melder at han vel å gå Krakhellesund, ikkje Steinsund, mot Kvamen som ligg i Dalsfjorden.

Julebåten i 2022 var hutigruta sin MS OTTO SVERDRUP. I år var det MS NORBRIS. Vi ser eit år fram og ventar på julebåten i eller framom Uskedalen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat