I ei tid med aukande smittespreiing er det mange som no har gått over til heimekontorløysingar. Dermed vert det også digitale møte. Slik er det også på ein større arbeidsplass i Oslo. I dag hadde dei statusmøte på teams, og då fekk deltakarane eit uventa og spontant innslag.
Ein utflytt uskedeling viste dei flotte bilde av den finaste Julagrano i landet, samstundes som han framførte Olaf Agnar Gausvik sin vakre limerick til Grano og pyntarane.
Det var tydeleg at det fall i smak, for tilbakemeldingane var mange og svært gode både på bilda og limericken etter innslaget. Det er eit bevis på kor stolte utflytte uskedelingar er av Grano og heimbygda si. Vi tar med limericken nedanfor sjølv om vi har hatt den på trykk før i år. Ein god ting kan ikkje gjerast for ofte!!

Om du spør, skal eg sei kor eg fann det
mest glitrande treet i landet.
Det står stolt i det fri
i heimbygda mi,
og er pynta av nokon som kan det.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal og Veslemøy Haugland