Jul i Rosendal med mat- og handverksprodusentar frå Uskedalen.
Jul i Rosendal samlar mykje folk. I år var det truelg rekordframmøte. Bortsett frå to år med Covid då ein fann ei anna løysing, har den årlege julemessa vore eit fast innslag i 14 år. Nokre av dei over 30 utstillarane kjem frå Uskedalen og har vore med fleire gonger. Av desse finn vi mellom anna Hjønnevåg, Eik Gard, Friheim Gardsmat og Inger Naterstad. I Isrosa sine kafelokale i Skålagato las Mona Vetrhus frå boka si Nattklubben. Hattesparkkokurranse er eit fast innslag.
Kjell Musland frå Uskedalen, bur på Seimsfoss, stiller med utskorne trefiguarar. Kjell er er ein årleg utstillar på Jul i Rosendal. Neste helg er han med på Jolamessa på Nå.
Heimvik Alpakka med Kristine Myklebust Heimvik sel varer laga av alpakkafiber frå eigne dyr, også garn og andre alpakkaprodukt. Kristine delte stand med Mykle Alpakka.
Det er tredje gongen Eik Gard frå Uskedalen er på Jul i Rosendal. Dei sel honning og ulike typar eplemost. Inger Naterstad er handverkar, lagar og sel nunofilt, saum og lappeteknikk.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Mona Vetrhus