Jul i Rosendal er ein god plass for profilering og syna fram kva ein driv med. Kjell Musland stiller ut saman med Svein Ingvald Opdal. Alle i Uskedalen kjenner Kjell, ikkje minst frå utstillinga han hadde i Gamleskulen saman med Gaute Haugland. I salsboda til Kjell finn vi treskjering av høg kvalitet,- nissar, gamle typar, koppar, knivar og vinkorkar. Ein eigen serie kallar han Reisande folk.

Kjell Musland frå Uskedalen, bur på Seimsfoss, er ein fast uttillar på Jul i Rosendal.
Inger Naterstad på Jul i Rosendal, her med eit rikt vareutval innan tekstil og husflid.

Inger Naterstad har eit rikt vareutval i tekstil,- topper, skjerf, løparar i nunofilt, sydde ting som bunadsposar og gåveposar. Ho har også med løparar i lappeteknikk.

I regi av Rosendal Bokhandel var Uskedal Historielag på plass med årboka Uskedalen – den nære fortida. Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal representerte historielaget. Lars Jostein Rørvik selde Kvinnhesminne. Sigurd Vikøren reklamerte for den nye boka om Statkraft i Mauranger som kjem ut til påske 2024. Nytt var møte med Eirik Graue som har skrive boka Bestefars båtar – om Edvard Løvfalls skipsbyggeri 1914 – 1962. ( Sjå bilete på topp ).

Kristine Heimvik (t.h.) saman med Margit Lund Mikkelson. Dei selde ulike produkt laga av fiber frå alpakka.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal