Skulen i Uskedalen er blitt 60 år, og det vil bli markert med eit par jubileumsforestillingar den 9.- og 10. desember frå kl. 17.00. Onsdag 9.desember vil i all hovudsak vera for elevar med familie, medan vi opnar for resten av bygda torsdagen.

Skulen i Uskedalen er blitt heile 60 år, og det må markerast. Elevar og tilsette på skulen har arbeidd med ei forestilling ei stund allereie, og vi har planar om ei utstilling som viser litt av utviklinga frå då skulen starta opp i 1966 og fram til i dag.

For at utstillinga skal bli god så treng vi litt hjelp frå bygdefolk og andre som har gått på skulen, eller kjenner til skulen på ein eller annan måte. Har de bilete, ting som er laga på sløyden, i handarbeid, eller anna frå skulen, så hadde vi sett stor pris på om de kan låna oss dette i ei lita veke. Ta kontakt med Hilde B. Bringedal (95773989) om de har noko spanande de tenkjer kan passa å stilla ut.

Tidlegare lærarar og elevar er spesielt velkomne på torsdag 10. desember, og vi håpar mange har moglegheit til å ta turen. Forsestillinga vil bera preg av at vi nermar oss jul, men vi vil og ha innslag som fortel litt om skulen vår og utvikla av denne.

Foto/tekst/nett: Odd Steinar Arnesen