Uskedalen.no held fram med ein serie innlegg frå valkampen og om dei ulike partia. Ein føresetnad er at vi finn noko som gjeld eller kan linkast til Uskedalen i partiprogrammet. Turen er komen til Miljøpartiet dei Grøne ( MDG ) med Jostein Saghaug som nr. 1 på lista og dermed i god posisjon til attval i det nye kommunestyret. Saghaug er dessutan den einaste ordførarkanidaten frå Uskedalen. Han skriv dette:

MDG har ein genuin politikk for å verna natur – nei til vindkraft i Kvinnheradfjella. Partiet har mål om tilnærma arealnøytralitet, noko som betyr restaurering av natur dersom utbygging. Store inngrep vert då i praksis umogeleg.

Beredskap: Partiet jobbar aktivt for å bevara brannstasjonstrukturen i
kommunen. Det gjeld også Uskedal brannstasjon. Det er ei viktig sak då brannstasjonen i Uskedalen stadig ligg under press for nedlegging.

Trafikktryggleik: Gang og sykkelveg gjennom Løfallstrand og Uskedalen
er spesielt prioritert i partiprogrammet.

Elles er MDG eit parti som står ekstra opp for dei svakaste i
samfunnet. Partiet føl opp bustadsosial handlingsplan.

Eldrepolitikk er også høgt prioritert.


Bortsett frå Skarveland skule vil MDG behalda barnehage- og skulestrukturen i den kommande valperioden.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal