Jørn Øyrehagen Sunde opnar vårsemesteret i Senioruniversitetet.
Vårsemesteret i Kvinnherad Senioruniversitet er på plass. Jørn Øyrehagen Sunde er førelesar alt torsdag 4. januar. Han vil fortelja om dei to siste bøkene han har skrive, om Landslova og om norsk jushistorie. Fleire kjende namn er på lista, mellom anna Magnus Takvam og Sylfest Lomheim. Med atterhald om endringar ser lista slik ut:
- 04. januar: Jørn Øyrehagen Sunde – Om dei siste bøkene hans
- 01. februar: Ragnar Fjelland – Kunstig intelligens
- 14. mars: Magnus Takvam – Om mora Marie Takvam
- 11. april: Sylfest Lomheim – “Ingen ting kan ersatta den fysiske samtalen”
- Mai: Utflukt med fagleg påfyll – vert bestemt seinare
Møteplassen vekslar mellom Husnes og Rosendal. Møte med Øyrehagen Sunde vert på Husnes.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Pressefoto