Jørn Øyrehagen Sunde kjem til nyopning av Bygdetunet Rød, laurdag 22. august. Nytt slåk og ei kvern i drift.
Dersom alt går slik det er planlagt, vert det nyopnig av Bygdetunet Rød laurdag 22. august. Kvern er restaurert, mellom anna med nytt slåk. Taket på stovehuset er fornya. Det er komne nye takrenner. I arbeidsperioden har samlinga vore stengd for publikum. No er ein i innspurten på renoveringa og samlinga er snart klar for opning.

Jørn Øyrehagen Sunde er kontakta. Den fyrste sommarjobben hans var som omvisar på Bygdetunet Rød. Då var han elev på Kvinnherad vidaregåande skule. Han kjem til nyopninga med innlegg.
Det vert lagt inn markering med Dugnadsgruppa som har gjort eit stort arbeid med nytt tak på stallen og nytt slåk på kvernea. Dessutan har dei hjelpt til med flytting og plassering av gjenstandar inne i huset.

Det er Uskedal historielag som har ei samordnande oppgåve planlegging og gjennomføring av markeringa i august. Ei arbeidsgruppe med medlemer frå grunneigar, dugnadsgruppa, historilaget og kommunen førebur opninga.
Bygdetunet Rød vart formelt skipa i 1981. Opninga var sommaren 1984.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal