Jørn Øyrehage Sunde er ute med to bøker i haust. Boka “1000 år med norsk rettshistorieer- ei annleis noregshistorie om rett, kommunikasjonsteknologi, historisk endring og rettsstat” og ikkje minst boka Kongen, lova og landet. Den siste boka fekk topp karakter i bokmelding skriven av Jan Nyberg i B.T.

Jørn Øyrehagen har skrive bok om 1000 år med norsk rettshisotorie.

I oppsettet frå forlaget les vi dette: 1000 år med norsk rettshistorie viser korleis norsk rett har vorte endra av ny kommunikasjonsteknologi det siste millenniet. Retten gjekk frå å vera munnleg til skriftleg på 1100- og 1200-talet, og den handskrivne retten vart erstatta av trykt rett på 1600- og 1700-talet. Frå 1983 vart norsk rett digitalisert. Det vil seia at lover, høgsterettsdommar og juridisk litteratur vert søkte opp på internett og lesne på ein datamaskin. Digitaliseringa av norsk rett har no kome så langt at sjølv grunnleggjande strukturar som rettferdsidealet og juridisk metode er i endring. Difor står rettsstaten overfor like store utfordringar i dag som då kommunikasjonsteknologien endra seg med skriven og trykt rett.

I denne situasjonen må vi læra av historia, ikkje minst korleis rettstryggleik og rettsstaten kan sikrast. For den nye kommunikasjonsteknologien kan gjera retten både undertrykkjande og frigjerande, alt etter kva val vi tek i åra som kjem

Bok 2: Mange spør alt etter den andre boka; Kongen, lova og landet. Boka er også å få som lydbok, lesen inn av forfattaren sjølv på godt kvinnhersmål. Begge bøkene er skrivne på nynorsk, målforma Jørn Øyrehagen Sunde brukar til vanleg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto