Jonsokafta med bål og samlingar har lange tradisjonar i Uskedalen, frå private samlngar rundt på gardane via fellesarrangement på Stemneplassen til der vi er i dag med bål på nokre sentrale plasser i bygda. Takk for tilsende bilete og meir kan koma. Bilete over er frå Neset.

Tradisjonen med bål på Neset held fram. Det same gjer bål øvst i dalen. Det er meldt inn at det har vore bål på Myklebust. Til vanleg er det jonsokmarkering på Skorpo, i Gullvikjo og på Steinsletto.

Nokre spør om det burde vore ei felles markering av jonsok i Uskedalen, slik dei har det i båthamna i Herøysundet. Ei høveleg stad kunne vore den såkalla Skulestranda i Stølavikjo. Her ligg alt til rette for ei verdig og fin jonsok med eit enkelt program, pølser og drikke. Med skulen og sine fasilitetar kan dette vera ein praktisk plass med bål, gjerne litt tidleg på kvelden og dermed med høve for private samlingar seinare på kvelden.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Møyfrid Kristoffersen/ Thor Inge Døssland