Fredag 15. mars er det ei boklansering i Bergen som har interesse for Uskedalen. Jon Severud har skrive oppvekstromanen I fars skygge der eit kapittel er frå ein russetur til Uskedalen i 1969. I pressemeldinga frå Kapabel forlag kjem det fram at hovudpersonen veks opp i Bergen i 1950 og 60 åra. Han har det vanskeleg med far sin og sjukdomen hans. Jon Severud (1951) er lektor, forfatar og tidligare tillittsvald i Utdanningsforbundet.

Severud har skrive fleire bøker, mellom anna Ubehaget i skolen (Universitetsforlaget 2003), Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O. Vinje (Samlaget 2010), Apologi for tvisynet (Kapabel 2017), Ein Europeisk døl – Eit nytt blikk på Vinjes journalistikk (Kapabel 2020).

Redaksjonen har tilgang til boka på nett. Turen til Uskedalen går med MS HARDANGERFJORD ein fredag kl. 19. I 23 tida er ein framme i Uskedalen og tek inn i eit hus russen har tilgang til. Av det vi kan lesa oss til, må det vera eit hus på Nausthaugen. Det er skildringar av bygda med fleire butikkar, kafe, bensinstasjon, ungdomshus med kino, campingplass og to pensjonat.

Russegjengen kjøper heile 9 kassar øl, noko dei har tinga og kan henta ut hos kjøpmann Nilsen på Sanden.

Uskedalen.no har vore kjend med romanskrivinga til Jon Severud ei tid. No kjem boka som kan ha interesse for mange i Uskedalen. Etter lanseringa komande fredag kan boka kjøpast i bokhandelen eller på nett frå Kapabel forlag v/ Otto Ersland.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat