Jehovas Vitne gjennomfører ei større familiesamling i Uskedalen i helga. Det kjem medlemer frå store deler av landet og samlingsplassen er Rabben camping i Uskedalen. Fleirtalet av deltakarane kjem frå Bergen, men det er også folk frå Oslo, Tønsberg, Asker, Odda, Lofoten, Ålesund, Haugesund, Bærum, Randaberg, Stockholm, Fredrikstad, Sotra, Grimstad og Malmø. Det er også lokale Jehovas Vitne frå Kvinnherad. med på samlinga. Grunnen til samlinga er eit samarbeid mellom Herøysund menighet og Nesttun menighet. Leiar Torbjørn Flodsam fortel til uskedalen.no:

Willy og Hjørdis Holgersen, begge over 90 år, var innom Strandstova i dag.

På onsdagen var vi først og besøkte Bondhusbreen. Mange av dei besøkande hadde aldri vore i Kvinnherad før, og var fascinert av den storslåtte naturen.

På kvelden var vi samla ved Strandstova i båthamna. Der var det aktivitetar for store og små. Eldstemann som var der var 93 år (Willy Holgersen) og yngstemann var småbarn heilt nede i 5 års alderen. Vi grilla, spela fotball, slåball, volleyball, hoppa tau og såg champions league semifinalen mellom Man City og Real Madrid. Sjølv om vi Jehovas Vitne ikkje feirar 17.mai, ville vi gjerna nytta desse fridagane til å ha det gøy saman og kunna vera til oppmuntring for kvarandre.

Jehovas Vitne er takksame for lån av Strandstovo og plenen for bruk til ulike aktivitetar.

I tillegg til å kosa oss saman sosialt, vil vi òg bruka noko av tida i Kvinnherad til å snakka med folk som ønskjer å høyra om det vi trur på. På torsdag 18. mai var vi 54 menneske samla i Rikets Sal i Herøysundet.

 

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Torbjørn Flodsan