I helga var det mykje folk samla i Uskedalen, både på camping og i båthamnene. Den største enkeltgruppa kom frå Jehovas Vitne. Dei hadde det dei kalla ei oppmuntringssamling med deltakarar frå Nesttun, Sotra, Voss, Haugesund, Os og Kvinnherad. Torbjørn Flodsan er den lokale leiaren. Til uskedalen.no fortel han at på fredag gjekk turen til Ådnaklett, Storhaug og Solfjell. Det vart gjort for å syna tilreisande gjester den vakre og storslagne naturen.

Med mykje folk i område tok ein også ibruk plenen i Båthamna.

Laurdagen vart nytta til heimebesøk for å fortelja om framtidshåpet i Bibelen. Besøksmåla var Husnes, Skorpo og Snilstveitøy. På søndagen var det møte i Rikets sal i Herøysundet, med eit frammøtetal på 95 fysisk tilstades. 15 personar var med via videokonferanse.

Kunstgrasbanen og aktivitetsparken var ibruk til seine kvelden.

Elles var det grilling i partytelt på Rabben camping kvar kveld, og mange aktivitetar for store og små som slåball og fotball. Den flotte aktivitetsparken ved skulen er ein populær plass å vera. Strandstovo er også eit tilbod.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat