Hardangerjakta MATHILDE er tilbake i leirskulefarten, slik det er kvar vår og haust, før og etter skuleferien. Fast uthamn er hos Ole Kristoffer Vågen på Skorpo. Fartyet kjem midt på dagen, ligg over og har avgang dagen etter. Elevane har høve til å ta turen på Skorpefjellet og elles vera i land og sjå Ole Kristoffer i sitt arbeid med slipping og restaurering av farty.

Jakta MATHILDE er ofte å sjå i Storsund og i Uskedalen. Den staselege skuta er bygd i 1884 i Ølve av Ole H. Herhus. Lengda er vel 73 fot, breidda vel 21 fot. Etter heimehamn i Jondal vart MATHILDE i 1916 seld til Nordland. Skuta gjekk i fraktefarten og etter 54 år som seglfarty, vart ho rigga ned og brukt som losji for fiskarar.

Jakta MATHILDE på tokt med leiskuleelevar.

MATHILDE fekk motor i 1941, ein 5o HK Wichmann. I 1884 enda det opp med tvangsauksjon og fartyet kom i Stiftinga Hardangerjakt si eige. Med restaurering i fem år var skuta klar for ny dåp og eit nytt liv, no som museumsskip med tokter av mange og ulike slag.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs/ Kristian Bringedal