J17 – 19 frå Rosendal gjer det godt i årets Norway Cup. Frå Uskedalen finn vi desse spelarane Linnea Ripel, Celine Musland, Elena Jensen Eide og Iselin Seim Myklebust. Håvard Sætrevik melder frå Ekebergsletta at laget skal ha ein potensielt spennande dag i morgon, Då er det tre kampar. Dei byrjar kl. ni, med neste kamp kl to om dei vinn første. Dei er ein ung gjeng i denne klassen, med 16 og 17-åringar + tre 20-åringar. Uskedalen.no ynskjer gjerne nokre ord frå dei andre laga også.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Håvard Sætrevik