Med gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad på kr. 190 000,- er det no iverksett arbeid på Gamleskulen i Uskedalen. No gjeld det isolering og ny bordkledning på kortsida mot sør. Egil Myhre i Uskedal Utvikling fortel at tanken var å måla veggen i fjor, men mykje var så dårleg at ein valde å gå for ny bordkledning. Vindauga i møne var rote og spikra igjen. No vert alt skifta. Utførande entreprenør er Byggern Teigen. I dag vert den gamle bordkledningen riven. Då vil ein kunna sjå rett inn på tømra frå den tid skulen var bygd i 1902.

Isolering, vedtetting og ny bordkledning vil hjelpa mykje for å spara kostnader med straum. Det neste på vedlikehaldsplanen er skifte av vindaugo på langsida mot parerkingsplassen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal