21 år som isbilsjåfør i den same ruta gjer at Åge Torstein Askeland kjenner Uskedalen betre enn dei fleste. Han har vore i alle deler av bygda og veit kor folket bur og kor han har kundane sine. To gonger i månaden, fast på fredagen, høyrer vi kjenningsmelodien av Grieg og då er det berre å koma seg ut og gjera seg klar for kjøp. Han kjenner bustadfelta i Uskedalen ut og inn, kor folket bur og kor det er barnefamiliar. Turen går også opp Uskedalen og på Eik.

Borna på Kråkehaugen og Neset strøymer til då dei høyrer kjenningsmelodien frå Isbilen.




Åge Torstein Askeland kjem frå Tysvær. Han har vore sjåfør på isbil i heile 52 år, av desse 10 år som sjølvstendig næringsdrivande, og 21 år i firma Den norske Isbil. Kona hans er også isbilsjåfør. Ho køyrer ei anna rute. Totalt går det mellom 90 og 100 isbilar på norske vegar. Ideen med rullande isbil tok til på Hamar i 1996. Produsenten var Isbjørnis. Sortementet er på om lag 50 isar av alle slag, også iskaker. I tillegg sel Askeland fisk, kjøtt og reke. Lageret ligg i Haugesund.

Sjåføren Åge Torstein er ein menneskekjennar. Han har god kontakt med både borna og dei vaksne. Til uskedalen.no fortel den populære sjåføren at det alltid har vore kjekt å vera seljar i Kvinnherad. Han kjem over Skånevik med ferja annakvar fredag og byrjar ruta i Åkra før dagen sluttar i Uskedalen. Han bur alltid på Rosendal Fjordhotell. Der er det best mat og service. Han spør om vi kjenner resepsjonisten Inger Johanne frå Ljosnes. Ja, sjølvsagt gjer vi det. Neste dag går salsturen vidare rundt i Kvinnherad. Isbilsalet har vore stabilt i alle desse åra. Det er vanskelg å snakka om trendar.

Åge Torstein Askeland kjenner Uskedalen betre enn dei fleste, byggefelt, barnefamiliane og kor dei gode kundane bur.

Askeland har Tysvær, Sauda, Suldal, Sveio, Etne og Kvinnherad som sitt salsområde.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal