Mange kjenner og brukar Isbilen som til vanleg kjem innom Uskedalen annankvar fredag. Bilen er den same, men har ny logo og ny sjåfør. Vareutvalet er auka til også å ta med seks ulike pizzatypar i tillegg til eit utval i dessertar. Isbilen hadde tidlegare base i Haugesund. No er det Bergen. Ruta er om lag den same, startar i Åkra, vidare til Rosendal og avsluttar dagen i Uskedalen.Neste dag går salsruta på sør mot Utåker før den vender heim att til Bergen. Sjåføren, Tore Tverfjell, overnattar på Rabben Feriesenter.

Sjåføren fortel til Uskedalen.no at han har vore på Isbilen i fleire år. Over ein to vekers periode dekkar han eit område frå Gulen i nord til Utåker i sør. Då er han mellom anna innom Kvinnherad og Ullensvang herad med Jondal, Odda og Sørfjorden.

Kjenningsmelodien med musikk av Edvard Grieg er den same som før. Han tek seg fram og finn bygdene og bustadfelta ved bruk av GPS

Nokre har sikkert lagt merke til at det er ein alternativ isbil i sving. Den har basen sin i Haugesund, men har til no vore meir ustabil med rute på Kvinnherad.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal