Isbjørn Is sin Isbil er tilbake med si rute annakvar fredag. Den faste og velkjende sjåføren er pensjonist. Uskedalen.no laga reportasje på han. Både han og kona var sjåførar på Isbilen over lang tid, med kvar si rute i Sunnhordland og Nord Rogaland. No er det tilsett ny sjåfør, som rett nok har ferie nett no, men vi fekk møta vikaren i går kveld. Namnet hans er Torstein Hauge. Han kjem frå Sotra og har Isbilen som sommarjobb. Til hausten er han student ved NTU i Trondheim. Torstein kjenner ikkje geografien i Kvinnherad. Det gjer ikkje noko. Med GPS og alle stoppa innlagt i databasen, veit han nøyaktig kor kundane er. Bilete syner Isbilen på Neset i Uskedalen.

Ruta startar i Åkra og går vidare til Rosendalsområde. Sjåføren bur alltid på Rosendal Fjordhotell før turen neste dag går på sør. Uskedalen har til vanleg stopp mellom kl. 19 og 20 annakvar fredag. Det er rekna 1 minutt og 35 sekund på kvart stopp. Hauge fortel til uskedalen.no at det er sjeldan han køyrer seg fast. Det mest krevjande er å snu bilen på tronge plassar.

Isbilen vert administrert frå Bergen. Før var lageret i Haugesund. No startar utkøyringa frå Bergen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal