Prosjektgruppa for Klatre- og aktiviteteshus i Uskedalen inviterer til medverknadsmøte, torsdag 25. november kl. 19.00. Vi ønskjer innspel frå ulike lag, organisasjonar, ungdomsgrupper og andre slik at vi kan få planlagt innhaldet i bygget. Vi har eit bestemt areal som skal innreiast i samarbeid med dykk, og vi ønskjer at de gjer dykk opp nokre tankar om dykkar behov før de kjem til møtet. Stikkord her kan vera:

Program

1. Generell info og status prosjektet.

2. Presentasjon av planlagt bygning v/arkitekt.

3. Gruppearbeid.

4. Oppsummering og samanfatning av forslag.

5. Avslutning og vegen vidare

  • Behov for areal?
  • Behov for øvingstider?
  • Medlemsmasse, alder?
  • Sambruk med andre?
  • Budsjett for rom (kva innreiing ser de for dykk?)
  • Drift av huset, kan de bidra?
  • Eventuell dugnad, innreiing?

Vi håpar de kan ta dykk tid til å vera med oss i denne prosessen. Vi har eit sterkt ynskje om at så mange lag, organisasjonar og andre grupper er med oss for å gjera innhaldet i bygget best mogleg for alle.

Tekst/foto: Prosjektgruppa
Nett: Kristian Bringedal