"Invasjon" frå Hurdal for å gå på Festidalen.
Trude Helen Døssland frå Uskedalen, bur i Hurdal, tok med vener og borna deira til Festidalen i år. Talet er i underkant av 40 personar. Det er åtte vaksne og over 30 ungdomar. Ungdomen kom i førevegen for klargjering og bygging av campen.

Trude Helen fortel til uskedalen.no at gruppa reiser tilbake i dag sundag eller måndagen. Alle har kosa seg. Gjestene er imponerte over Uskedalen. I møte med folk er alle rause. Naturen er storslagen og Festidalen er ei framifrå oppleving.
Gruppa har med golfkøller, ballar, friskbee og mykje anna. Dei har eigen festivaldo og brukar elva til bading.
Når uskedalen.no har skrive om Trude Helen tidlegare, handlar det stort sett om hest, løp og trening.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat