Som son til Anne Ma og avdøde Ola Matti Mathisen på Skansen, er Marius Mathisen ein urokkeleg Uskedals-ven som ofte er å sjå her i bygda. Vi kjenner han også som ein aktiv og dyktig musikar, og dette har han m.a. nytta her på sida som uskedalen.no sin musikkskribent på konsertane under Festidalen gjennom mange år. For dette har vi fått særs gode tilbakemeldingar. Om han har arva musikaliteten frå sin trekkspelande far eller si syngande og gitarspelande mor, veit vi ikkje. At han er dyktig, er det ikkje tvil om. Det resulterte i at vi nyleg kunne lesa eit fyldig og svært godt portrett av musikaren på fascebook-sida Hvordan spille moderne trommesett – kun for gøy som Ernst Wiggo Sandbakk, ein legende innan norsk jazz- og slagverksmiljø, står bak.

I portrettet får vi høyre korleis forholdet hans til musikken utvikla seg frå starten med den vesle kassettspelaren og kassagitaren til mora i oppveksten på Lillehammer saman med broren Espen. Tidleg bestemte dei seg at det måtte bli trommer, eller ingen ting! Vidare kom dei to brørne med i Hamartun skolekorps, noko som Marius skildrar som ein god skule.

Vidare i portrettet får vi vera med på ei musikalsk reise full av opplevelsar og møte med mange kjende og inspirerande musikarar. Mange av våre største trommisar blir nemnt, og for oss kvinnheringar og uskedelingar er det ekstra kjekt at tidlegare slagverkar i Uskedal musikklag i tre sesongar, Kaizers-trommis Rune Solheim frå Husnes, er ein av desse. Ein annan som blir trekt fram i den lange rekkja av dyktige musikkvenner, er den slagverkspelande halsnøybuen Tor Bjarne Bjelland.

Marius Mathisen gjev rosande omtale til mange i portrettet, men det er også tydeleg at feriegjesten på Skansen er høgt respektert og godt likt av andre musikarar. Kommentarfeltet til portrettet er fylt av gode ord. Både nemnde Rune Solheim og Tor Bjarne Bjelland er blant dei som rosande kommenterer saman med andre toppmusikarar som Stein Inge Brækhus, Ole Hamre, Rolv Olav Eide og Vidar Nordli.
Blant dei om lag 200 kommentarane vel eg likevel å sitera den frå vår tidlegare sokneprest Lina Håland: “Så utrolig fint å lese 😊🎶 du er helt rå på trommer!! Og i tillegg en utrolig koselig fyr 🤩“. Godt sagt, Lina!

Marius Mathisen er aktiv og ettertrakta på mange frontar. Bandet “Secret Treehouse” har vore eit viktig prosjekt dei seinare åra. I partybandet Grooveselskapet og i bandet til artisten Kurt Ove Meland speler han saman med kona si, Hildegunn Pernille Mellingen. Ho krydrar musikken med songstemma si. Ho kommenterer portettet slik: “Stum av beundring – min taktfaste, taktløse og taktiske helt! 😍💥🥁💥😍

Eg anbefaler alle som har mulighet til å lesa portrettet av den sympatiske, taktfaste og hyggelege Uskedalsvennen på facebooksida “Hvordan spille moderne slagverk – bare for gøy”.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Troll Toftenes