SPLEISEN som styret i Uskedal ungdomslag starta for å skaffa midlar til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet har blitt ein suksess.  Siste 10 dagane har det komme inn over 22.000 kr, og resultatet er i skrivande stund på 37.751.  Til saman har 77 givarar bidrege.  Dei fleste er naturleg nok privatpersonar, både bygdefolk og andre, men nokre firma har også i høgste grad bidrege til det solide resultatet med rause gåver.  No er det berre to dagar att, og kanskje er det framleis fleire som vil støtta det gode tiltaket?  Dei som ønskjer det, finn SPLEISEN HER.
tid