THK innsamlinga held fram i morgon, laurdag mellom kl. 10 og kl. 12. Sist laurdag var det over 30 innleveringar. Ein fullasta varebil frå Tørvikbygd kom til Uskedalen for levering av kle, sko, teppe, pledd, sengeutstyr og sanitær artiklar. Innsamlinga held fram kvar laurdag fram til påske. Avreise med sjåfør Tormod Myklebust vert truleg kring 20. april. THK traileren går i skytteltrafikk mellom Haugesund og bygdene omkring og Ukraina.

Tekst/nett: Kristian BBringedal
Foto: THK stifelsen