Innsamling til Ukraina

Måndag 3. mai kjem THK – traileren til Kvinnherad. Kvar vår, i mange år no, har vi samla inn brukte kle og utstyr til Ukraina, her i Kvinnherad. THK – stiftelsen er i år 26 år gamal. Sist år skulle 25 årsjubileum markerast med gjester frå Ukraina. På grunn av Covid 19, vart dette avlyst. Midt i mars i fjor hadde vi innsamling. Trailaren var ferdig pakka og sjåførane var klare. Så kom koronaen, nærast over natta, og alt vart sett på vent.

I Mai 2020 kom vi i gong med hjelpesendingar igjen. Trailaren har for det meste hatt 2 turar i månaden. Mange gonger til Ukraina, men og til Romania og Estland. Sjåførane som køyrer på dugnad, har hatt strenge smittevernreglar å halda seg til. Hjelpa frå THK – stiftelsen vert spesielt godt motteken i desse tider. Store deler av folket i desse landa, har hatt og har det tøft. Det er godt at vi kan få dela ting vi ikkje lenger har bruk for med andre som set stor pris på å få ta imot.

Fram til 3. mai kan sekker leverast på lageret i Uskedalen.

Det kan vera brukte kle, sko, alle slag idretts og treningsutstyr, klubbdrakter som ikkje vert brukte. Sengklede og tepper, gardiner, barnevogner, rullatorar og leiker er også aktuelt.

Det vert innsamling i Rosendal, Uskedalen og Husnes denne ettermiddagen. Det kjem
annonse i lokalavisene på uskedalen.no. På Ukrainia lageret i Uskedalen er det samla inn mange sekker. Desse vert sjølvsagt sendt med trailaren.

Dersom du vil bli kvitt sekkene, eller ikkje er heime 3. mai , kan desse leverast i Uskedalen.

Ring 97147851.

På innsamlingsdagen vert det strenge smittevernsreglar. Når du kjem til innsamlingsplassen, ikkje gå ut av bilen, vent til det er din tur. Bruk vipps eller bankkontonummer om du kan.

Helsing THK – stiftelsen

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal