HTK står for håp – tru – kjærlighet. Det er organisasjonen som i over 25 år har spesialisert seg på hjelpesendingar, mellom anna til Ukraina. Tormod Myklebust er kontaktpersonen i Kvinnherad. Han står for innsamling og transport. I den kritiske situasjonen Ukraina er i no, vert det organisert innsamling og mottak i nye lagerlokale i Kvinnherad Vekstbedrift sitt bygg ved Uskedal brannstasjon. Alt på komande laurdag vert det mottak frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Leif Jarle Bergstø ( t.h. ) er ein av fleire sjåførar som har vore med på turane til Ukraina.

Uskedalen.no fekk vera med på synfaring i dag. To rom står til disposisjon. Det er ei mellombels løysing. Myklebust takkar dagleg leiar, Tor Vidar Sæle, for velvilje og omtanke for å finna lagerlokae til HTK. På laurdag må du sjølv levera sekker. Eldre gjevarar og dei som ikkje har bil, kan ta kontakt for henting.

I april månad er Tormod Myklebust saman med Jan Erik Matre frå Skånevik klar for avreise til Uzjhorod i Ukraina. Byen ligg nær grensa til Slovakia. Mathjelp vert betalt med VIPPS 84346 – merk Hjelp til flyktningar.

Det har i dag vore store oppslag på store varemengder som hopar seg opp på grensa der det manglar organisasjon og logistikk for vidare transport. Tormod Myklebust understrekar at THK har 25 års erfaring med hjelpesendingar. Dei kjenner folket og har kontaktar for mottak og transport fram til dei som verkeleg treng det.

Hugs: kr. 50,- for kvar leverte sekk.

THK trailaren er klar for avreise til Ukraina.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal