Kulde og vinter i Ukraina gjer at det er trong for ovnar og aggregat. Tormod Myklebust i THK stiftelsen er i full gang med innsamling. Fristen for innlevering i Uskedalen er 10. januar. Trailer frå Haugesund går 20. januar. 15 – 20 ovnar og fleire aggregat er alt på plass. Rett nok må noko hentast, mellom anna på Halsnøy før det er inne på lageret ved Kvinnherad Vekstbedrift. Myklebust oppmodar særleg næringslivet i Kvinnherad til å støtta innsamlinga. Fleire verksemder er alt kontakta. No hastar det med eit svar. Eit aggregat kan mellom anna kjøpast på Mega Norge, Jula, Tess eller Bilteknikk. Innsamling av kle, pledd og sengutstyr i regi av Varaldsøy Sanitetsforening har vore vellukka. Innsamla utstyr vert overført til Uskedalen før opplasting 10. januar.

Interessa for THK sitt arbeid i Kvinnherad er stor. Innsamlingane er fått merksemd, også i andre kommunar i fylket. Ein dag kom ein mann frå Stord i eigen bil og leverte aggregat, ovn, kle og anna utstyr. I dag kom det sending frå ein privat person i Bergen. Han kjøpte aggregat frå nettbutikk i Trondheim og varebil kom på døra med gåva. Verdien ligg rundt kr. 10.000,-.

For meir informasjon og avtale om levering, ring: 97 14 78 51

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal