Uskedal Utvikling sendte søknad til fylkeskommunen i fjor haust med prosjektet “Møteplass”, og har fått innvilga 80 000,- til oppstart av prosjektet i bygda. LivOGLyst er eit bygdeutviklingsprosjekt som har som føremål å skapa trivsel og vekst i lokalsamfunnet. Med prosjektet “Møteplass” vil ein særleg iverksetja tiltak for å halda på ungdomen og dermed hindra fråflytting. 


Prosjektet er eit samarbeid mellom Uskedal Utvikling, kommunen og fylkeskommunen. I fyrste omgang vert det arrangert eit folkemøte i Uskedalen 28/3, kor meir informasjon om prosjektet, samt innspel frå innbyggjarane i bygda i forhold til kva aktivitetar/tilbod/møteplassar ein ynskjer i Uskedalen vil vera tema. 


Styringsgruppa for prosjektet i Uskedalen vert leia av Kari Bråtun og Hanna Kjærland. Kommunen sin kontaktperson for prosjektet er Karen Løvfall Våge. Folkemøte vert arrangert tysdag 28/3, kl. 18.30. Dørene opnar 18.00. Staden er aktivitetshuset i Uskedalen. 
Meir inngåande informasjon om LivOGLyst og kva dette inneber finn du på nettet.

Tekst: Styringsgruppa
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal