Innhaldsrike friluftsdagar på Sommarleir i Uskedalen.
Den årlege Sommarleiren i regi av Friluftsrådet Vest er i full gang. Påmeldinga vart god. Ein av leiarane, Solveig Haugland, fortel til uskedalen.no at det er ein kjekk gjeng. Veret er perfekt. Ho framhevar at ein er heldige som får låna både Aktivitetshuset og skulekjøkkenet.

I dag, tysdag, vert det klatring i Børsdalen og kajakk på fjorden. Onsdag blir det rafting i elva og badstove før heimreise. Det er deltakarar frå heile kommunen. Fine og aktive dagar, med mange kjekke aktivitetar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Solveig Haugland