Det er usikkert om nokon av dei seks forlevalde frå Uskedalen i det nye kommunestyret vert tildelt sentrale posisjonar. Då tenkjer ein på plass i formannskapet og/eller leiarverv i politiske utval. Frå koalisjonen kan Oddbjørn Kroka frå Høgre vera aktuell i eit utval. Det same kan Bjørn Olav Tveit vera frå AP. Opposisjonen hadde møte onsdag kveld. Der møtte alle bortsett frå Industri- og næringspartiet. Det ligg til rettes for at Wermund Vetrhus frå SV vert medlem i utvalet for plansaker eller i Forvaltning. Tove Lill Lakselv frå Framstegspartiet vil truleg få ein plass i eit utval. Det same gjeld for Jostein Saghaug frå Miljøpartiet. INP stiller med eiga liste. Thomas Eide kan fort få ein fast plass i eit utval. Biletet syner Oddbjørn Kroka vald inn for Høgre.

Thomas Eide, vald inn som nr. 4 på Industri- og næringspartiet, kan få ein fast plass i eit utval.
Wermund Vetrhus t.v. ligg godt an til eit utval,. anten i plankomiteen eller i forvaltning.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto