Etter eit opphald på om lag 10 år vart det igjen arrangert Kvinnheradsmeisterskap i styltegang på Rød. Denne konkurransen var ei fast innslag under dei årlege museumsdagane på Rødtunet. Etter at den første vandrepokalen vart vunnen til odel og eige, hadde no Ståle Eik to napp i den nye pokalen som i si tid vart gjeven av Uskedal Trelastlager. Etter meisterskapet under museumsdagen i går kunne eit nytt namn graverast inn på pokalen – Ingebjørg Haugland. Ho vart ein relativt suveren vinnar sjølv om også resten av konkurrentane imponerte.

Rekrutteringsarbeid. Njål på styltene medan mamma Ingebjørg Haugland hjelper og Solveig Haugland bivånar.

Det var ei heller krevjande løype deltakarane måtte gjennom med ulike hinder der det blei notert prikkar. I siste del av løypa var det tidtaking. Før konkurransen starta, fekk deltakarane ei oppvarmings- og treningsøkt. Alle deltakarane gjorde ein imponerande innsats, og det var god underhaldning for publikum rundt løypa. Dette var så vellukka at tradisjonen med årleg meisterskap bør absolutt takast opp att. Her er det berre å leggja seg i trening, noko nokre publikummarar sa at dei ville gjera. Gledeleg var det også å registrera at gjennomsnittsalderen på deltakarane var lågare enn dei førre åra.

Ingebjørg Haugland i løypa
  1. og Kvinnheradsmeister. Ingebjørg Haugland
  2. Audun Eik
  3. Gunnar Myklebust
  4. Veslemøy haugland
  5. Solveig Haugland
Tidlegare vinnar Audun Eik forserer det kanskje vanskelegaste hinderet på imponerande vis
Gunnar Myklebust vart nr.3, men var raskast i delen med tidtaking

Vinnaren var aldri truga der ho gjekk relativt stødig gjennom løypa. Prikkbelastninga blei avgjerande, for bronsevinnar Gunnar Myklebust var eit par sekund raskare gjennom delen med tidtaking.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland