Norgesmeisterskapet i friiderett blir arrangert frå torsdag til laurdag på Jessheim, og etter dei to første konkurransedagane har barnebarnet til Margot og Hilmar Haugland, Ingar Bratseth Kiplesund, sikra seg gullmedaljane i både spesialøvinga lengde og i tresteg. Torsdag vann han lengde med eit hopp på 7.96 m, 25 cm bak den nye norgesrekorden som han sette i vår. Han var klart føre nr. 2 Henrik Flåtnes. Dette er eit svært sterkt resultat, og mange år ville han nok vore ein klar kandidat til kongepokalen. I år kom imidlertid det gode resultatet i skuggen av Karsten Warholm si fantastiske oppvisning på 400 m hekk.
Fredag fulgte han opp med ein ny klar førsteplass då han strekte seg til 15.54 m i tresteg.
Med personleg rekord på 8.21 m i lengde er Ingar Bratseth Kiplesund i verdstoppen i denne øvinga. Kjekt og imponerande at ein utøvar med så mykje uskedalsblod i årene er med i toppen i ein stor verdsidrett!
Bildet over viser Ingar Bratseth Kiplesund då han blei intervjua på NRK 1 i dag.
I slegge vann barnebarnet til Liv og Audun Eik, Håkon Eik Litland, bronse med eit bestekast på 64,14 m.

Ingar Bratseth Kiplesund i vinnarhoppet i tresteg.
Tekst, foto(frå TV) og nett: Thor Inge Døssland