Det vert ofte sagt at eplet ikkje dett langt frå stamma. Det er så absolutt tilfelle i denne saka. Nyleg oppdaga eg ein flott musikk-video på youtube. Det var debuten til trioen MEI, og bak I`en i gruppenamnet er 16 år gamle Ine Viktoria Naasen som budde her i Uskedalen, men flytta til Hobøl for 7 år sidan. Vi tok kontakt med Ine Viktoria, og ho kunne fortelja at “Connection” er første låten dei slepper, men med musikk som hovudinteresse håpar ho at dei skal komme med fleire oppfølgjarar.

Ine Viktoria fortel at gruppa MEI starta som eit skuleprosjekt, men dei tre jentene syntes det var så gøy å laga musikk saman at dei bestemte seg for å legge ut songen sin og fortsette som ei fast gruppe.

– Jeg har drevet med musikk hele livet, og jeg har vært glad i å synge siden jeg var liten. Jeg elsker også å lage musikk og skrive låter, noe jeg har drevet med siden jeg var omtrent 12 år gammel. “Connection” er uansett den første låten jeg har gitt ut, og den første sangen Maria, Emilie og jeg har skrevet sammen, fortel den talentfulle 16-åringen vidare.

Maria, Emilie og Ine Viktoria i bandet MEI imponerer med usedvanleg vakker song!

Sangen, Connection, handlar om vanskar med å knyte seg til andre, og eit forhold (eller eit vennskap) som går i stykke. Ine Viktoria fortel at dei har tenkt å skrive og gi ut fleire songar framover, og dei gleder seg til å sjå kor det kan føra dei.

-Når vi skriver sanger, får vi inspirasjon fra personlige opplevelser og følelser, og viktige ting mennesker opplever i løpet av livet. Vi prøver å ta opp ting vi synes er viktige å snakke om, forklarar Ine Viktoria om innhaldet i musikken dei presenterer.

Hovedinstrumentet til Ine Viktoria er sang, men ho speler også ukulele, piano, gitar og klarinett. Ho har aldri gått på kulturskole i forhold til musikken, men ho har gått på teater i Rosendal og Hobøl. No går ho på dans i Askim. Uansett har ho dreve med musikk på fritida i mange år, og det er hennar største interesse. Gode tips vil vi tru ho har fått undervegs frå m.a. pappa Nils som jo er kjend som ein virtuos på trekkspel/accordion.

For oss andre blir det spennande å følgja utviklinga til det lovande bandet. Den vakre debutlåten “Connection” kan de oppleva ved å klikka HER.

Verkeleg nydeleg sang frå dei tre jentene!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Foto: Privat.