Dugnadsgruppa i regi av Uskedal utviking legg fram ei solid årsmelding for 2024. På arbeidslista kjem det fram heile 14 tiltak som er gjennomført i året som gjekk. Om ein prøver å rekna arbeidstimar på alt, nærmar ein seg snart eit halvt årsverk. Det er imponerande. Sjå kva Dugnadsgruppa legg fram av arbeid i 2024.

Rigging av barområde og sluseinngangane.

1 Nedtaking gjerde Haugland skulemuseum.

2 Rydding av sti til Hjarteklett / Englafjell.

3. Rydding etter trefelling og oppsett av gjerde
Haugland Skulemuseum

4. Merking av sti frå snuplass skogsveg Fet til
skogsveg Eikedalen.

5.Drenert sti og lagt ut plank ved og forbi
Flåtene.

6. Rydding / trefelling ved strand (Gjertrud
Myklebust) nedanfor skuleplassen .

Dugnad med stabelen som skal brukast til nytt slåk på kverna – Bygdetunet Rød.

7. Reinsking av renner og tak ved Idrettshallen samt
spyling rundt hallen.

8. Legging av plank i sti frå skogsveg til
Fjelly. Samt lagt plank på rest mot Klepp

9. Lagt plank i sti mellom Storhaug og retning
Kjellhaug.

10. Vore med og saga plank av lerk frå Haugland
skulemuseum til slåk kvern Rød.

11. Rydda flytta objekt på Rødtunet før reperasjon
av tak.

12. Montering og demontering av diskar og rampar
Festidalen samt diverse forefallande.

13. Stemneplassen forskaling , støyping rekkverk .
 

14. Stemneplassen graving fiberkabel.

Dugnad på fjellet.
Tekst: Dugnadsgruppa
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal