Tysdag i førre veke fekk Hjønnevåg melding om at dei var tildelt gullmedalje i NM for sjømat i klassen varmrøykt laks. Straks etter kom ei ny storarta melding om at verksemda også vann klassen for pudding. Hjønnevåg sin fiskepudding laga på Henrik B. Hjønnvåg si oppskrift frå 1948.

NM i sjømat er ei årleg hending i tidsperioden 26. til 30. april. Konkurransen er lagt til NTNU i Trondheim, bak lukka dører. Ein profesjonell jury vurder dei ulike produkta. Av omsyn til smittevernet er det i år ikkje med folkejury.

Fiskematprodusenten Hjønnevåg er tidlegare tildelt medaljar for fleire av produkta sine som fiskepudding, fiskeburger og fiskekaker.

Tekst/nett: Kristian Bringedal 
Foto: Hjønnevåg