Det er ikkje balkongar eller altanar som blir renoverte på dei kommunale bustadene i Myro, slik uskedalen.no skreiv i veka som var. Terassar ligg på bakken eller på bygningskropp og har ikkje tak over. Terasse kjem av terra som tyder jord. Det er Wermund Vetrhus som gjer oss merksame på dette. Med dette definerer han og forklarer skilnaden på terasse, balkong, altan og veranda. Les kva Vetrhus skriv.

Det kjem nye balkongar/altanar på dei fem kommunale bustadene i Myro.
  • Balkong heng på veggen, og er utkraga, eller har feste i veggen. Kjem av italiensk balco som betyr gjerde eller stativ
  • Altan er understøtta, og kan gåast under. Kjem frå italiensk alto, som betyr høg
  • Veranda har tak over seg, og ligg anten på bakken eller på bygningskropp. Kan ofte vera innglasa. Og derav namnet som kjem av fransk ord for glas – verre
  • Terasse ligg på bakken eller på bygningskropp, men har ikkje tak. Kjem som sagt av terra som tyder jord.

Kongens slott i Oslo har ikkje balkong, slik mange seier, men ein veranda. Det som vert bygd i Myro er terrassar i stor grad, kanskje altan nokre stader.

Takk til Wermund for avklaringa.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Wermund Vetrhus