Om ikkje noko uventa skjer, vert det konfirmantjubileum i Uskedalen ei helg i september. Pandemien sette ein stoppar for den faste samlinga som dei siste åra har kvart 2. år. Jubileet 2021 med kulla som høyrde til 50, 60, 70 og 80 års jubilantar vart utsett. No vil soknerådet prøva på nytt og ta med alle som vart konfirmerte 1940 – 42, 1950 – 52, 1960 – 62 og 1970 – 72. Det er eit stort arbeid å finna namn og adresse og gjera samlinga kjend for alle. Bilete over syner konfirmantane i 1951. 1. rekkje f.v: Anna Steinsletten, Astrid Sunde, Inger Leite, Orlaug Hjønnevåg, Sylvi Myklebust. 2. rekkje f.v.: Nils O. Myklebust, Gunvald Friheim, Gunnar Haugland, sokneprest Knut Sellevold, Olav Hauge, Leif Matre og Ingolf Haugland.

Til vanleg går konfirmatjubileet over to dagar med kulturvandring og samling i Gamleskulen på laurdagen og gudsteneste med middag på sundagen. Nokre grupper legg inn private samlingar, til dømes alt fredag kveld.

Soknerådet bed alle hjelpa til med kunngjering. Endeleg dato vert bestemt når gudstenestelista for hausthalvåret er klar. Viktig no er å få ut at det vert jubileum og at ein vil ta med tre kull slik det er skrive i innleiinga her. Soknerådet vil koma tilbake med spørsmål om kontaktpersonar på kvart kull, som hjelp i arbeidet med finna fram til rette adresser.

Redaksjonen vil i tida framover med jevne mellomrom presentera konfirmantkulla som vert rekna som jubilantar i september.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Frå fotosamlinga Uskedal ungdomslag