Dersom det ikkje er kansellering, er det meldt inn 26 cruisebåtanløp til Rosendal denne sommaren. Det er ein auke frå året før. Dei fleste går gjennom Storsund, særleg utgåande på ettermiddag og kveld. Fyrst ut er SEADREAM 2 som er meldt inn med åtte anløp.

MS NORDSTJERNEN – 70 år i år.

Det 70 år gamle hurtigruteskipet NORDSTJERNEN vert å sjå tre gonger i juli. Av dei større skipa finn vi AMERA med 740 pasasjerar ombord. ( Sjå bilete på topp )

I tillegg til innmelde skip til Rosendal, vel mange utgåande frå Eidfjord og Ulvik seglas gjennom Storsund på kvelden.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkiv: Hans Ordin Østebø
Kjelde: Grenda - Morten Nygård