Veka ettet skulestart er tida for å få igang organisasjonslivet. Det gjeld treningar, kor- og musikkøvingar og møte av ulik slag. Nokre grupper har vore samla til øvingar i heile sommar, rett nok med redusert drift. Det gjeld til dømes Uskedal Musikklag, Kvartetten ÆRE og song- og musikkgruppa Rustne Menn. Uskedalen.no vil laga ein oversikt med informasjon om møte-og øvingskveldar. Send oss informasjon.

Fotballgruppene er i gang med sine trenignar.

Her kjem eim førebels øve- og møteplan:

  • Uskedal Musikklag øver kvar tysdag og torsdag frå kl. 17.00 på Stemneplassen.
  • Røysterett for Alle øver kvar torsdag, kl. 19.00 i Helgheim. Start på haustsesongen: Torsdag 26. august
  • Singing Tweens øver i Uskedal kyrkje, måndag i partalsveker, kl. 17.00
  • Koronkafeen tek til tysdag 24. august frå kl. 11.00.
  • Det er enno ikkje kjend kva tid Kafe Tiaren startar
  • Treningane i regi av Uskedal Idrettslag og Klatregruppa er eller blir starta innan kort tid
  • Kvartetten ÆRE øver kvar tysdag på dagtid, anten i Uskedalen eller i Rosendal
  • Uskedal Bedehusforsamling har sine faste møte ein gong i månaden, i tillegg kjem møteveker
  • Rustne Menn øver kvar tysdag kl. 09.30 på Stemneplassen
  • Helselaget har trening for vaksne i Gamleskulen
  • Uskedal helselag har fast møteplan for lags- og medlemsmøte
  • Seniortrim kvar onsdag kl. 10.00 i apparata ved Kunstgrasbanen
  • Helselaget si turgruppe, tysdagar kl. 11.00. Frammøte ved Gamleskulen.
  • Dugnadsgruppa møter kvar torsdag kl. 09.30 til ulike praktiske tiltak. Frammøte ved Gamleskulen dersom ikkje anna er nemnd
  • Skulemusikken øver kvar onsdag, kl. 17.00 i Aktivitetshuset
  • Ny Arkiv- og kulturhistorisk gruppe møter ein gong i månaden, på måndagar kl. 18.00 på Stemneplassen
  • Uskedal sokneråd har møte onsdag 25. august der plan for hausthalvåret vert vedteken
Dugnadsgruppa møtest kvar torsdag kl. 10.00
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal/ Jostein Grov