Lagshytta “Fjelly” som ligg så idyllisk til ved inste enden av Mannsvatnet på Hauglandsfjellet, er eit særdeles godt tilbod til alle som er glade i tur- og naturopplevingar. No om sommaren innbyr nokre dagar på denne hytta til dei mest uforgløymelege opplevingar. Inkludert i den rimelege hytteleiga er både båt og garn, og i vatnet er det rikeleg med fjellaure. Stang- og oterfiske er også populært, og fangsten pleier å vera god. Daglege turar i det nydelege fjellområdet er også å anbefala.

Hytta “Fjelly” ligg idyllisk til ved inste enden av Mannsvatnet.

Hytta “Fjelly” som Uskedal ungdomslag eig, er i svært god stand. Det har vore gjort svært mykje godt dugnadsarbeid dei seinare åra. Den har mange overnattingsplassar, og for dei som ønskjer telting i tillegg, er området rundt svært godt eigna. Døgnleiga er rimeleg; – 400,-kroner. Den inkluderer båt, garn, ved og aggregat i tillegg til overnattinga. Her er det verkeleg mogeleg å få oppleva uforgløymelege og rimelege feriedagar med dei vakraste solnedgangar.

Viss ein ønskjer det, kan ein låna nøkkel til skogsvegen, “Pålavegen”, mot ei rimeleg betaling. Då kan ein kjøra mest heilt til topps, og det blir ein lett tur sjølv med ein del baggasje og barn.

Meir informasjon kan ein få frå Janne Yri, mobil 93033973, som er ansvarleg for utleige av hytta.

God tur og lukke til med ei god oppleving!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Foto: Arkiv og Thor Inge Døssland