I går var det Husnestunet sin tur til å få veteranbandet Uskedal Musikklag på vitjing med konsert og songprogram. Det var godt frammøte i kantina på Syng med oss i regi av Røde Kors Besøksvener. Opninga deira er som vanleg nokre allsongar med tonefylgje av deira faste pianist, Marit Lindekleiv. Musikklaget står fram i to avdelingar med eit variert og fengjande program, noko publikum likar og set pris på. Det er alltid noko nytt på repetoaret, slik som den islandske Eg bid ad helsa som vert brukt på alle nasjonale markeringar på Island. Ny for mange er også Songen frå vest av Roy Vorland, fin tekst og ein melodi som er lettlært.

Veteransbandet Uskedal Musikklag har med dette gjennomført konsert og songprogram på Rosendalstunet, Husnestunet og Halsnøytunet.

Mange kjenner den norske versjonen av Auld Lang Syne, Skal gamalt venskap kverva bort. Få er dei som kjenner historien bak med den skotske nasjonalskalden Robert Burs. Ikkje berre at han er på den engelske Five pundsedelen, men også at fødselsdagen hans 25. januar er Skotland sin nasjonaldag. Å avslutta eit institusjonsbesøk med revysongen Hvor er min kone er eit godt val. Gamle slagere skapar gode minne og godt humør.

Ein annan veteran i Uskedal Musikklag, Leif Matre ( t.v ) var tilhøyrar,r saman med slekta frå Valen, Lars Johan Ekeland. Leif har vore ein aktiv medlem musikklaget sidan 1949.

Med dette har Uskedal Musikklag gjennomført konsert- og allsongturne på institusjonane Rosendal, Halsnøy og Husnes.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal