Eiendomsmegler 1 har to objekt lagt ut for sal i Uskedalen. Det er eit hus og eit naust. Bustad med hage på adresse Uskedalsvegen 572 ligg på den mest sentrale tomta av alle med kort gåavstand til alle sentrumsfunksjonar og næraste nabo til kyrkja, båthamner og SPAR. Naustet med bøteloft ligg i elvosen. Her finn du stor naustflate for båtlagring. I 2. høgda er det bøteloft med bad og vakker sjøutsikt. Stor bustad med hage på adresse Halsabrotet 74 er alt seld. Huset ligg vakkert til med panoramutsikt mot Storsund og Skorpo. Meglar er Marita Pedersen og det et lagt opp til visning måndag 17. oktober frå kl. 16.00. Hugs: Påmelding. I tillegg er fleire andre salsobjekt lagt ut på andre meglarsider.

Naust med bøteloft i elvosen ligg sentralt til med Rabben Feriesenter og båthamnene som næraste nabo.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Eiendomsmegler 1