Hundseid Bygg og laft frå Vindafjord har i dag montert blokker og støtter som ei mellombels sikring på Uskedal kyrkje. Dagleg leiar, Bjørn Magne Hundseid, i verksemda fortel til uskedalen.no at han aldri har vore borti tilsvarande arbeid. Firma med oppstart i 2007 har spesialisert seg på lafting og restaurering med profilering frå skog til ferdig produkt. Støttene i tettvokst furu har ein dimmensjon på 110 X 230 mm. Bilete på topp syner f.v: Nicolai Rasmussen ( tømrar ), Bjørn Magne Hundseid ( dagleg leiar ) og Sigurd Fosen ( lærling ).

Tunge og lange løft.

Hundseid Bygg og laft held til med verkstad og byggehall i Vikedal. Dei tek totale oppdrag med renovering. Ofte plukkar dei ned laft, tømra bygg, tek med til byggehallen, restaurerer og monterer bygget på nytt før det vert plassert tilbake på tomta. Nyleg har dei henta eit lafta bygg i verdsarven/ UNESCO område i indre Sogn.

Med eiga sag lagar dei materialer som plank, kledning og panel til inne- og utebruk. Oppdraget i Uskedalen gjeld i denne omgang avstiving og montering av støtter. Verksmeda vil vera med å rekna på arbeidet med den totale renoveringa.

Slik vil det sjå ut i perioden med mellombels sikring.

Betongvarer i Dimmelsvik har levert betongblokkene. Johs. Hjelmeland med kranførar John Guddal frå Uskedalen stod for løft og plassering.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal